Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 2,0 prosent frå november til desember 2009. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned med over 9 prosent.

Svak auke i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått opp 3,5 prosent.

Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.