Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 1,5 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 6,0 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen har stige med 0,8 prosent frå januar til februar. Det siste året har lønsveksten for ansatte innanfor lastebiltransport vore på 1,3 prosent.

Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk opp med 0,6 prosent frå januar til februar. Det siste året har denne delindeksen auka med 1,7 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 5,3 prosent.


Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.