Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 3,6 prosent frå desember 2009 til januar 2010. Det siste året har forsikringspremiane auka med 7,7 prosent.

Auka ferge- og bomkostnader
Delindeksen for fergekostnader og bompengar auka med 0,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige med 0,5 prosent.

Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,3 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 3,4 prosent.

Nedgang i dekkprisene
Dekkindeksen gjekk ned med 0,9 prosent frå desember 2009 til januar 2010 etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige med 4,2 prosent.

Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,2 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 8,5 prosent.

Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.