Nattesjekk på vifter og kablar
Statens vegvesen skal ha ein nattleg kontroll på ventilasjonsvifter og kabelbruer i den 7,5 km lange Vallaviktunnelen.

Dette er ein del av kartlegginga av tilstanden på utstyret i den 25 år gamle tunnelen. Kontrollen må skje når det ikkje er trafikk i tunnelen, og rv. 13 Vallaviktunnelen blir dermed stengt frå tysdag 16.mars kl.22.00 til onsdag 17.mars kl. 06.00.

I tillegg til kontrollen av dei 52 viftene (26 par) skal tette drensrøyr same natta spylast på dei 500 metrane mellom munninga i Vallavik og den komande rundkøyringa mot Hardangerbrua, der det har pågått anleggsarbeid sidan i fjor haust - då tunnelen var stengt i åtte veker.

I denne omgang blir det berre ei kort nattestenging for trafikantane, med kolonnekøyring tilpassa ferjeavgangane mellom Bruravik og Brimnes. Det vil seia at kolonne går frå Granvin kl. 23.25, 01.05, 02.00 og 05.00. Frå Vallavik går kolonna 23.30, 01.10, 02.20 og 05.05.

Omkøyring blir som vanleg via fv. 572 Bruravik-Holven.