Det seier leiar i NLF i Hordaland, Jan Ove Halsøy, til lokalavisa Hordaland. Han synes brua er både flott å sjå på og fin å køyra over.

Liten trafikk
Brua som vart opna i august i fjor har ikkje så stor trafikk som prognose og budsjett la opp til. Dermed sviktar bominntektene.

Nå står det att 1,5 milliardar i gjeld som etter planen skulle vore nedbetalt i løpet av 14 år. Hvis trafikken ikkje aukar kan det ifølgje NRK føre til fleire år med bomavgift.

Over Hemsedal
Styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua AS trur at noko av årsaken til trafikksviken er at vegen gjennom Sogn og Hemsdal er kraftig rusta opp, og at mange vel den vegen i staden for brua over Hardangerfjorden.

– V tok kanskje ikkje tilstrekkeleg høgde for den opprustinga, innrømmer Lutro overfor NRK.

Sjå bildegalleri av bygginga her

Foto: Statens vegvesen Foto: Statens vegvesen

For seint
Halsøy deler synet til Lutro og meiner at brua kom på plass alt for seint.

– Brua hadde vore kjempebra for 15-20 år sidan, men i mellomtida har vegane på alle dei andre fjellovergangane vorte så mykje betre at yrkessjåførane har vent seg til å køyra der. Det er vanskeleg å bryta opp eit innarbeidd køyremønster, sier NLF-leiaren til lokalavisa.

Jan Ove Halsøy. Foto: NLF Jan Ove Halsøy. Foto: NLF

Ikkje bortkasta
Sjølv om han åtvara mot dette på førehand synes han likevel ikkje brua er bortkasta. Den har mykje å seia for lokalsamfunna på begge sider av fjorden.

Han trur ikkje at det er bompengesatsane som gjer at tungtrafikken i så liten grad nyttar brua, men at det er den totale summen av alternative vegar og personlege vanar som er avgjerande.

VIDEO: Dette er ein flaskehals

.

FAKTA OM HARDANGERBRUA

  • Hensikt: Erstatte ferjesambandet mellom Bruravik og Brimnes.
  • Omfang: Hengebru med eit hovudspenn 1.310 m, totallengde 1.380 m. I tillegg er det bygd ein tunnel på 2.675 m og 800 m ny veg i dagen.
  • Pris: 2,3 mrd. kr.
  • Bygging: Starta i mars 2009 – opna i august 2013.

Kjelde: Statens vegvesen

.

ANDRE SAKER:

Ett år uten dødsulykke

21 trafikkdrepte i juli

Seks konkurrerer om vei-jobb i Trøndelag