Flaumskadene på E16 ved Skorve er omfattande og ustabile, dårlege grunntilhøve på staden gjer ikkje situasjonen betre.

Vurderte bru
Onsdag vart det vurdert å montere ei mellombels «bailey-bru», men det er ikkje tilrådeleg å legge den i eksisterande veg.
Den må i så fall settast opp ved sida av vegen, lenger inne – noko som må bereknast nøye av omsyn til dei før omtala grunntilhøva.

Lysregulert og omkøyring
Torsdag ettermiddag – etter at grunnekspertane har rekna på det - vil det bli tatt stilling til om brua kan settast opp på innsida av E16.
Da må det i så fall byggast tilførselsveg på begge endar av brua – eit arbeid som kan gjerast på fredag. Brua vil eventuelt  kome på plass på laurdag – dersom dette er ei trygg løysing.
Det betyr at det framleis er lysregulert omkøyring for personbilar og køyretøy under 7,5 tonn på kommunal lokalveg forbi staden.
Køyretøy over 7,5 tonn må ta fylkesveg 7 om Hardanger/Kvamskogen.