No er det montert radarutstyr, og om ikkje lenge er klart for testing av skredvarslingsanlegget.

Raudt lys
Når systemet vert teken i bruk, vil radaren fange opp om det går skred i Utladøla, og varsle trafikantane om skred med raude trafikklys langs vegen på begge sider av det skredutsette området.

Store ras
Sjølve radaren står plassert om lag 400 meter frå vegen, vend opp mot området der det dei siste åra har kome til dels svært store snøskred ned den bratte og trange lia om vinteren.
Langs fykesvegen er det i tillegg til varslingsskilta også sett opp utstyr for kameraovervåking av vegen i samband med varslingsanlegget.

Første i vest
Anlegget er det første av sitt slag som vert teke i bruk i Region vest, men er og sett opp på riksveg 15 mellom Skjåk og Lom i Oppland.

Les meir om snøskred her

GRAFIKK: Statens vegvesen GRAFIKK: Statens vegvesen