Det betyr at dei skal ha 14 millionar kroner mindre enn nummer to på lista.

– Vi er godt nøgde med fire anbydarar. Nå skal vi bruke dei neste fire-fem vekene til å vurdere og kontrollrekne tilboda, seier prosjektleiar Leif Lindefjeld i Statens vegvesen.

Desse har hevert tilbod:

  • Skanska Norge AS (kr. 330.702.096,81)
  • Bertelsen & Garpestad AS/Hag Anlegg AS (kr. 344.926.886. -)
  • Kruse Smith Entreprenør AS/Risa AS (kr. 370.646.829,38)
  • Stangeland Maskin AS (kr. 373.753.512,60)

Den 1.550 meter lange strekninga mellom Hove og Sandved skal byggast om frå to til fire felt. Prosjektet er omfattande; 1.300 meter av fylkesveg 325 Jærveien og riksveg 13 på Hove blir bygd om.

I tillegg blir det bygd ny Kvelluren bru, to nye bruer på motorvegen og ombygging av kryssa på Hove og Sandved, samt bygging av støyskjermar.

Statens vegvesen reknar med anleggsstart rundt påska 2015.
Prosjektet skal vere ferdig juni 2017.