I februar kosta diesel i gjennomsnitt 12,14 kroner per liter.  Ein liter bensin kosta i gjennomsnitt 13,55 kroner, som er ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) det lågaste nivået sidan februar 2011.

Snittpris
Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel i februar låg 33 øre under prisen i januar i år og 1,29 kroner under prisen i februar i fjor. Det vart seld 286 millionar liter diesel i februar. Dette er 12 millionar liter meir enn i den same månaden året før.
Salet av diesel utgjorde om lag 47 prosent av det totale petroleumssalet i februar 2015.

Litt mindre på bensin
Ein liter bilbensin kosta i februar i gjennomsnitt 13,55 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 23 øre frå januar og er eit prisfall på 1,30 kroner frå februar 2014. Februarsalet av bilbensin utgjorde 81 millionar liter, som inneber ein nedgang på 5 millionar liter frå februar året før.

Meir nyansert
Sjølv om det ikkje er nokon grunn til å bestride faktagrunnlaget, kan prisutviklinga SSB presenterer likevel gje eit anna bilde enn det transportnæringa opplever. Dei profesjonelle drivstoffkundane forheld seg alltid til vegleiande pris, pluss fraktkostnadar til aktuell bensinstasjon.
For å få den reelle prisen må dette leggjast til grunn, før avtalt rabatt blir trekt, og faktisk pris framstår på fakturaen.