I alt er det brukt 2.100 kubikk med betong og cirka 420 tonn armering for å få Hålandsbrua langs nye E134 i Etne i Sør-Hordaland til å stå.

Tog døgn
– Dette er ein av dei største samanhengende støypejobbane vi har hatt på mange år, seier prosjektleder Per Inge Naterstad i Statens vegvesen til tu.no

Han innrømmer at dei to døgna var mykje meir hektiske enn normalt.

– Det viktig at alle ledd i arbeidet, frå blandeverk til jobben på brua, går heilt knirkefritt, og det gjorde det, sier han.

For å få alt til å gå som det skulle var i alt 30 tilsette med på denne storstøypen.

SJÅ VIDEO FRÅ KRUSE SMITH. 48 TIMAR PÅ 2:35 MINUTT.

Må gå i eitt
For her var det ikkje snakk om å ta lang lunsj eller nokre minutt på auga etter middagen. For at støypen skal bli så sterk som råd og utan skøytar, måtte alt gå som ein operasjon frå start til mål.

Det var Ølen Betong som leverte betongen. På dagtid køyrde 13 bilar, på kvelds- og nattetid heldt det med mellom åtte og 11.

Tilfreds
– Vi er svært fornøgde med jobben som entreprenør Kruse Smith og leverandør Ølen Betong har utført desse hektiske dagane, seier byggjeleiar Per Inge Naterstad i Statens vegvesen.

Alt har gått knirkefritt. Kvaliteten har vore god - og det var ingen uhell undervegs, seier han.

.

FAKTA OM PROSJEKTET:

  • Brubygginga er ein del av eit vegprosjektet som vil erstatte 4,4 km eksisterande veg.
  • Kalkulert til 460 millionar kroner (i 2013). Dette skal finansierast med bompengar.
  • Anleggstart i 2013, vegopning hausten 2015.