Det same er tilfelle dei siste tolv månadene.

Høgare ferje- og bomkostnader
Ferje- og bomkostnadene gjekk opp 1,9 prosent frå desember 2014 til januar 2015. Dei siste tolv månadene auka dei totale kostnadene med 3,5 prosent.

Nedgang i dieselprisen
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 0,9 prosent den siste månaden. Frå januar 2014 til januar 2015 gjekk drivstoffindeksen ned med 7,7 prosent.

Dyrare i frå januar
Harry Nilsen i Sørum Transport påpeikar at dieselprisen hjå Statoil har auka med 60 øre (12,44 – 13,04) per liter frå januar og fram til 17. februar.

Harry Nilsen. Harry Nilsen.

– Denne prisauken betyr ein kostnadsvekst på kr. 2.70 per kilometer for eit gjennomsnittleg vogntog i Noreg. På årsbasis betyr det ein auke for oss i Sørum Transport på  1,2 millionar kroner, seier Hansen.

Årleg brukar dei om lag to millionar liter per år.

Han legg til at eksemplet han brukar er for eit gjennomsnittleg vogntog som køyrer på gode veger, og at ein bil som køyrer på Vestlandet/Møre og Nord Norge brukar mellom fem til seks liter per mil

– Ved køyring av cirka 100.000 kilometer i året betyr auken for denne bilen i snitt kr, 3,60 per kilometer, fortel han.

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen auka med 0,7 prosent frå desember 2014 til januar 2015. Dei siste tolv månadene auka kapitalindeksen 0,2 prosent.

FIGUR: Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvisendring frå same månad året før. Kjelde og grafikk: SSB FIGUR: Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvisendring frå same månad året før. Kjelde og grafikk: SSB

Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp 0,7 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Dei siste tolv månadene gjekk forsikringspremiane opp 0,7 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,5 prosent den siste månaden. Frå januar 2014 til januar 2015 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 3,5 prosent.

Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk opp 0,4 prosent frå desember 2014 til januar 2015. Dei siste tolv månadene steig administrasjonskostnadene med 2,9 prosent.