Hvis du ikkje gjer det må du betale årsavgift for 2015.

Alle som står som eigar av eit køyretøy i motorvognregisteret den 1. januar 2015, vil få tilsendt eit årsavgiftskrav i februar. Det vil seie at dersom du ventar til etter nyttår med å avskilte eit køyretøy du ikkje bruker, må du betale årsavgifta for 2015.

Avgiftsplikt
Årsavgifta gjeld frå 1. januar til 31. desember kvart år, og bileigarar må betale avgifta innan 20. mars.

Satsar
Stortinget vedtek storleiken på avgifta kvart år. Sjå satsane for 2015 nedst i saka. Årsavgifta for campingvogner er fjerna i 2015.

Fritak for årsavgifta
Dersom køyretøyet blir registrert avskilta hos Statens vegvesen seinast 31. desember 2014, skriv Tollvesenet ikkje ut avgift for 2015.

Leverer du køyretøyet til vraking/hogging hos ein godkjend oppsamlingsplass/vrakplass eller til bilopphoggeri seinast ved betalingsfristen 20. mars, får du fritak for avgifta, eventuelt refusjon om den allereie er betalt.

Redusert avgift
For køyretøy som vert levert til vraking/hogging hos ein godkjend oppsamlingsplass/vrakplass eller til ein bilopphoggar i perioden etter betalingsfristen 20. mars og til og med 30. juni, blir halv avgift betalt tilbake til sist registrerte eigar.

 Satsar for 2015

Type køyretøy 2014 2015
Bensinbilar og dieselbilar med fabrikkmontert partikkelfilter 2.995 3.060
Dieselbiler utan fabrikkmontert partikkelfilter 3.490 3.565
Campingtilhengarar 1.120 utgår
Motorsyklar 1.835 1.875
Traktorar, mopedar mv 425 432

Les meir:
Oversikt over vrakplassar/oppsamlingsplassar
Vrakpant