Statens vegvesen har no sendt ei finansieringsanalyse for Rogfast på lokalpolitisk høyring. Planen er at fylkestinget behandlar finansieringsanalysen i juni.

14,2 milliardar over 20 år
Prislappen på Rogfast er berekna til 14,2 milliardar 2015-kroner, men dette treng ikkje vere det endelege talet fordi planfasen ikkje er heilt ferdig.

Staten bidreg med 2 830 milliardar, resten må finansierast av bompengar. Det er rekna med ei rente på 5,5 prosent. Rogaland fylkeskommune blir beden om å stille garanti for lånet i bompengeselskapet på 16 milliardar kroner.

– Vi ser at det let seg gjere å bompengefinansiere Rogfast med ei nedbetalingstid på 20 år, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

Prisen på å kjøre gjennom Rogfast blir rundt 300 kroner for personbilar og 900 kroner for tunge køyretøy.

Opning i 2024
Når vedtaket er gjort i fylkestinget i juni blir Rogfast-dokumenta sendt til ekstern kvalitetssikring. Dersom kvalitetssikringa går som planlagt, kan Rogfast bli behandla i Stortinget våren 2016.
Då kan det bli byggestart mot slutten av 2016, og opning av Rogfast i 2024.

Rogfast-fakta

  • E39 Rogfast består av ein cirka 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Harestad i Randaberg og Laupland i Bokn.
  • I tillegg kjem ein rundt fire kilometer lang tunnelarm til Kvitsøy, samt kryss og veg i dagen i dei tre kommunane.
  • Rogfast blir verdas lengste og djupaste (390 meter under havoverflata) vegtunnel.
  • Prisen på Rogfast er berekna til 14,2 milliardar kroner.