Billegare diesel og auka reparasjons- og servicekostnader
Drivstoffindeksen gjekk ned med 1,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 5,4 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 2,3 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,5 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader
Delindeksen for løn og sosiale kostnader har stige med 1,0 prosent i løpet av den siste månaden. Dei siste tolv månadene har veksten i lønene for tilsette innan lastebiltransport stige med 2,9 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.

Se statistikken for august her