I 2004 passerte salet av autodiesel salet av bensin i Noreg, etter at salet av diesel nesten hadde auka jamt frå 1995. I den siste tiårsperioden har salet av diesel auka med heile 50 prosent. Dette må sjåast i samanheng med utviklinga i bilparken. Tal frå SSB sin person- og varebilstatistikk viser at det har vore ein større auke i registrerte kjøretøy med dieselmotor, enn det har vore i kjøretøy med bensinmotor dei siste åra. Dermed vert noko av bensinsalet fortrengt av auka sal av autodiesel. Samla sal av bensin var i 2005 på 2,1 milliardar liter, medan salet av autodiesel var på 2,4 milliardar liter, av dette var 1,8 milliardar liter avgiftspliktig.
Les mer