"På grunn av vertilhøva og omkøyringsvegen ser vi oss nøydde til å fortsette med 2 timars stenging av tunnelen også denne veka (veke 21). Dette blir gjort for å kunne utnytte alle dei ressursane som er etablert på Haukeli, slik at vi kan greie å gjennomføre anleggsarbeida i år.

Trafikken vil bli leia gjennom tunnelen til følgjande tidspunkt:
kl: 08:00 – 10:00 – 12:00 – 14:00 – 16:00 – 18:00 - 20:00 - 22:00 – 24:00.
Frå kl: 01:30 til kl:06:00 vil tunnelen vere open.
Det vil bli nokre få tilpasningar til rutebussen mellom Bø og Odda.

Haukelitunnelen vil vere open frå kl. 16.00 fredag 25. mai og til tirsdag 29. mai kl. 06.00.

Når det gjeld arbeid og stenging i Røldalstunnelen, gjer vertilhøva for omkøyringsvegen at vi ikkje kjem i gang denne veka. Tunnelen vert difor open for fri ferdsel fram til tirsdag 29. mai, - så langt vi kan sjå no."