Billegare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 2,8 prosent den siste månaden. I løpet av det siste året har denne delindeksen gått ned 2,8 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 3,4 prosent frå desember til januar. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 9,5 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Auke i ferje- og bomkostnadene
Delindeksen for ferjekostnader og bompengar auka med 1,8 prosent frå desember til januar. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige 2,0 prosent.

Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 1,1 prosent i løpet av den siste månaden, etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane gått ned 1,6 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.


Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusive meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/


Meir informasjon:klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, ellerasbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.

Se statistikken for januar her