Drivstoffindeksen, basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad, gjekk opp med 1,5 prosent frå juni til juli. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen gått ned 2,5 prosent. Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,2 prosent frå juni til juli. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 7,2 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.Se statistikken for juli her