Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 1,7 prosent den siste månaden. Frå oktober 2006 til oktober 2007 har denne delindeksen auka med 1,7 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.

Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen auka med 1,0 prosent frå september til oktober etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Dei siste tolv månadene har forsikringspremiane auka med 0,6 prosent.

Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 0,5 prosent i løpet av den siste månaden. Frå oktober 2006 til oktober 2007 har denne delindeksen stige med 3,9 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon:klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, ellerasbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.
Se statistikken for oktoberher