Kostnadsindeksen er sett saman av åtte delindeksar som kan vektast saman til ein totalindeks. Denne månaden er det inga endring i totalindeksen i forhold til førre månad, sjølv om nokre delindeksar gjekk opp. Denne auken vert utjamna av ein nedgang for nokre av dei andre delindeksane.

Dyrare diesel
Drivstoffindeksen for diesel, basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad, gjekk opp med 0,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen fall med 0,8 prosent.

Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen auka med 0,4 prosent frå august til september etter prisjusteringar hos enkelte forsikringsselskap. Dei siste tolv månadene har forsikringspremiane gått ned med 0,4 prosent.

Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, auka 9,7 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon:klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, ellerasbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.
Se statistikken for septemberher