Arbeidet i Haukelitunnelen startar måndag 23 juni og varar i første omgang til 3 juli.
Tunnelen vert stengd mellom kl. 06.00 og 18.00, All trafikk vil da gå over Dyrskar i kolonnar.
Frå aust (Peparsteinen) kvar heil time (kl. 07.00 osb.)
Frå vest (Midtlæger) kvar halv time (kl. 06.30 osb.)
Det vil seie at vi har satsa på natteopen tunnel for ikkje å skape vanskar for trafikken i høve nattestenging og arbeid i Røldalstunnelen.

I helgene er Haukelitunnelen open frå laurdag kl. 18.00 til måndag kl. 06.00.

Frå 28 juli kl. 16.00 vil Haukelitunnelen bli stengd heile døgnet og all trafikk vil gå over Dyrskar i kolonnar kvar time.

Arbeidet i Røldalstunnelen held fram og tunnelen er stengd mellom klokka 20.00 og 06.00. All trafikk vert sleppt gjennom i kolonnar til faste tider.

Frå aust (Hordadalen) kl. 22.45, 01.10 og 04.45.
Frå vest (Seljestadjuvet) kl. 23.00, 00.55 og 05.00.
I helgene er tunnelen open mellom klokka 06.00 laurdag til klokka 20.00 søndag..

Gamlevegen over Røldalsfjellet er open for personbilar. Her er avgrensingar som tidlegare: Max vekt 3,5 tonn og max breidde 2 meter.

For meir info ring tlf. 175, sjå på vegvesen.no, vegmeldingane eller /haukelitunnelane.