Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet om lag den 15. i kvar månad

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,8 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 4,4 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,3 prosent frå november til desember etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 4,8 prosent.

Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene har den siste månaden stige med 0,1 prosent og med 3,0 prosent det siste året.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.


Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.
Se statistikken for desember her