Billegare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk ned med 1,7 prosent den siste månaden. I løpet av det siste året har denne delindeksen auka med 16,0 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet om lag den 15. i kvar månad.

Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 2,1 prosent frå desember 2007 til januar 2008 etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane auka med 4,2 prosent.

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,9 prosent den siste månaden. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivningar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 2,9 prosent.

Økning i ferje- og bomkostnader
Delindeksen for ferjekostnader og bompenger auka med 1,6 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige 1,6 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 1,2 prosent frå desember 2007 til januar 2008 etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige 6,1 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.
Se statistikken for Januar her