Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport steig med 1,8 prosent frå juni til juli i år. Den viktigaste årsaka var innføringa av nye takstar i bomringen rundt Oslo og ei markert auke i prisen på diesel. Det siste året har totalkostnadene for lastebiltransport stige med heile 11,5 prosent.

Hopp i ferje- og bomkostnadene
Delindeksen for ferjekostnader og bompengar auka med heile 61,4 prosent den siste månaden, etter omlegginga av takstane i bomringen rundt Oslo frå 1. juli. Bakgrunnen for denne takstendringa er vedtaket i Stortinget om finansiering av Oslopakke 3, som er ei satsing på vegutbygging og kollektivtrafikk i Oslo og Akershus. Dei siste tolv månadene har indeksen for ferjekostnader og bompengar dermed stige med 63,7 prosent.

Dyrare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,0 prosent frå juni til juli 2008. Det siste året har denne delindeksen auka med heile 33,1 prosent.

Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned med 0,8 prosent den siste månaden, som ei følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 5,9 prosent.

Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene har stige med 0,3 prosent frå juni til juli. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 4,1 prosent.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg



Meir informasjon:klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, ellerasbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.

Se statistikken for juliher