Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med heile 31,1 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Prisstigning på dekk
Dekkindeksen auka med 1,8 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå juni 2007 til juni 2008 har denne delindeksen auka med 3,7 prosent.

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,1 prosent frå mai til juni 2008, hovudsakleg på grunn av ein auke i det inflasjonsjusterte rentenivået. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 8,0 prosent.


Nytt berekningsgrunnlag for lønsindeksane

Frå og med juni 2008 følgjer delindeksane for løn og sosiale kostnader utviklinga i ein ny arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg. Den nye indeksen måler endringar i utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgjevaravgift og liknande) innanfor avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette i transportselskapa. Overtidsgodtgjersle, bonusutbetalingar og liknande er ikkje med i datagrunnlaget. Nivået på lønsindeksane i overgangsmånaden blir ikkje påverka av denne endringa i utrekningsgrunnlaget. Meir informasjon om den nye indeksen for arbeidskraftskostnader finn du i Om statistikken.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg



Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.

Se statistikken for juni her