Billegare diesel
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 21,4 prosent.

Svak auke i administrasjonskostnadene
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent frå juni til juli. Det siste året har denne delindeksen gått opp 2,8 prosent.

Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.