Hopp til innhold

Kostnadsindeks for lastebiltransport, mai 2009

Kostnadsauke for lastebiltransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,4 prosent frå april til mai 2009. Dei viktigaste grunnane er auka reparasjons- og servicekostnader og høgare dieselprisar. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene gått ned 0,1 prosent.

Se statistikken for maiher

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 1,8 prosent frå april til mai. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 9,7 prosent.

Dyrare diesel Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 1,4 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 17,7 prosent.

Auka ferje- og bomkostnader Delindeksen for ferjekostnader og bompengar auka 0,3 prosent frå april til mai. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige 60,0 prosent, hovudsakleg på grunn av endringar i bomavgiftene i Oslo og Bærum.

Lågare kapitalkostnader Kapitalkostnadsindeksen fall 0,2 prosent den siste månaden. Dette kjem av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 7,8 prosent.