Statens vegvesen har for tida arbeid med tunnelsikring av rv 5 Fjærland-, Berge-, og Frudals-tunnelane. Hovudoppgåva er vassikring og brannsikring av dette.

Grunnen til at tunnelane må stengast er tryggleiken til både arbeidarar og trafikkantar. Dette gir og ein meir rasjonell arbeidssituasjon.

All trafikk i tunnelen under stengingsperiodane blir styrt med kolonnekøyring.

Me prøver å nå ut til flest mogleg med informasjon rundt dette med stengingstider, og nyttar oss derfor av e-post i tillegg til annonser i Sogn Avis og Firda Avis, samt annonsering på NRK Sogn og Fjordane.

For perioden 23.november til 19.desember er stengingstidene som fylgjer:
Kvar dag med unntak av natt frå laurdag til søndag er det stengt frå klokka 20.00 til 06.00.
Det vil bli opna for trafikk kvar halve time i perioden 20.00 til 23.00.
Det vil bli opna for trafikk kvar heile time i perioden 23.00 til 06.00.
Sidan det er kolonnekøyring kan dette føre til at køen på den eine sida av tunnelen må vente ti minuttar ekstra sidan vi berre kan ha ein kolonne i tunnelen om gongen.

Utanom desse tidene vil tunnelen bli opna for rutegåande trafikk og utrykkingskjøretøy. Når bussen skal igjennom tunnelen er det mogleg for andre å hengje seg på her.

Bussruter:

Frå Selseng bru: Framme på Skei Ruteendringar:
05.25 06.10 Ikkje laurdag og søndag
20.35 21.15 Ikkje laurdag
22.15 22.55 Ikkje laurdag

Frå Skei: Framme på Selseng bru Ruteendringar:
21.20 22.00 Går kvar dag

Dersom nokon av dykk som mottar e-posten ikkje ynskjer å motta den framover er det berre å sei ifrå til meg. Det same gjeld dersom de veit om nokon som kunne hatt nytte av å vere med i lista over dei som får e-post frå oss.

Med helsing
Statens Vegvesen
Svein Jarle Slinde
Kontrollingeniør
E-post: svein.slinde@vegvesen.no
Tlf.: 958 05553